:--ringheim.biz--:

Velkommen til ringheim.biz.

Tur til Sveits

20. Juli 20:39

Eg har no vert heime i to dager etter ein liten tur til Sveits. Var ned der og besøkte nokre bekjente av familien som tidlegare har vore til Voss og budd hjå oss.

Sveits er som dei fleste sikkert veit eit land som ikkje er så ulikt vår eige land, det er fjell men også flater som liknar på naturen som ein finner på austandet. Ulikheitane er høgden der nede, dei fleste fjella er høgare enn det høgaste her i Norge. Me var på ein liten rundtur i der me kjøyrde nesten heile landet på langs, og fekk sett mykje forskjellig. Var ein tur opp på Schilthorn som er det fjellet der deler av "On Her majesty's Secret Service" utspeler seg (Det er ein James Bond film for dei som ikkje viste det). Eller så var det ein fin tur på litt over ei veke.

No skal eg vere på Voss i to veker før eg reiser til Gjøvik for eit lite forkurs i Mattematikk, noko eg trur eg har bruk for før studiet starter i midten av august.

Lagt til av Sjur

Nyheter siste måneden sånn ca.

4. Juli 13:38

Det har vert lite skriving her på sida i det siste, og det kjem sikkert ikkje til å vere så mykje dei neste vekene heller.

Neste veke reiser eg på ferie til Sveits i 8 dager. Det skal bli godt å komme seg ut av landet etter gammalt (har ikkje vert utanfor Norges grenser dei siste 4 åra, utanom nokre få turar til Svinesund medan eg var i militæret) og få sjå noko nytt. Eg reiser saman med familien, og me skal ned og besøke folk som tidlegare har budd hjå oss her på Voss. Det blir kanskje nokre turar til landa som ligger rundtom Sveits også, tida får vise kva me får tid til medan me er der.

Ellers så har eg kjøpt/fått meg digitalkamera sidan sist eg skreiv noko her. Det er eit Canon PowerShot S50 som kjem til å bli flittig brukt på turen til Sveits og forhåpentlig vis også til vanlig. Eg har alle rede tatt ein del bilder, og kjem nok til å legge opp eit galleri her på sida når eg får tid til det, men enn så lenge har eg ikkje lagt opp noko.

Lagt til av Sjur

Freedom of speach

18. Juni 23:30

Leste i dag på Vg.no at den amerikanske konservative gruppa Move America Forward har begynt å sende ut brev til amerikanske kinoer for å få bannlyst Micael Moores nyeste film Fahrenheit 9/11 fra amerikanske kinoer. Dette skjer i landet der ein av dei viktigste rettighetene som er nedtegna i grunnlova er Freedom of speach..

Les artikkelen her: Vil stanse Moores film

Lagt til av Sjur

Heime

6. Juni 17:23

Endelig har eg komt meg heim til Voss igjen. Kjøyrte i mellom 8 og 9 timer i går for å komme oss fra Molde til Voss. Var faktisk så heldige med ferje forbindelsene at me kom 5 minutt før kvar ferje gjekk fra kai.

Så no skal eg vere på Voss i eit par månadar før eg reiser vidare til Gjøvik for å fortsette på skule der. Det blir nok ein del jobbing i dei to månadane eg er her ja....

Lagt til av Sjur

Ferdig

3. Juni 18:32

Lite som har skjedd her i det siste, og det er ikkje sikkert det kjem til å skje så mykje i den nermaste framtida heller.

Skal flytte heim igjen til Voss denne helga, så no er det pakking og vasking av hybel for alle penga. Vart ferdig med prosjektoppgava som eg har dreve å jobba med det siste halvåret i dag, så det måtte feirast med ei øl.Uff kvifor har eg så mykje ting her i Molde, er eit stress utan like å pakke alt ned slik at det skal få plass i ein bil.

Lagt til av Sjur

Tilbake -- Fram

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS!