:--ringheim.biz--:

Velkommen til ringheim.biz.

Flytting av partisjon i linux

6. Mai 01:16

Fant i kveld ut at eg faktisk berre hadde litt over 100 MB ledig på / partisjonen i Fedora som eg bruker for tida. Dette måtte eg gjere noko med, og begynte med å finne ut kva mappe som tok størst plass på disken. Dette skulle vise seg å være /usr mappa som var 2.2GB (Eg var ikkje så smart når eg installerte skjønner du... partisjonen var berre på litt over 4 GB). Det eg måtte gjere var å flytte denne over på ein ny partisjon slik at eg kunne få frigjort denne plassen.

For å få til denne flyttinga gjorde eg følgende:

1. Laga ein ny partisjon som eg kunne legge /usr på.
2. Mounta denne slik at eg kunne kopiere over det som låg i den gamle /usr katalogen. Dette blei mounta i /mnt/tmp
3. Kopierte over det gamle. Dette gjorde eg med komandoen:
> cp -a /usr/* /mnt/tmp/
4. Reboot inn i Gentoo som eg også har liggende på maskina.
5. Mounta disken som Fedora ligger på.
6. Flytta den gamle /usr katalogen til /usr.old (i tilfelle feil ved kopieringa)
> mv usr usr.old
7. Laga mappa usr og skifta rettigheter på den
> mkdir usr
> chmod 755 usr
> chown root:root usr
8. Fiksa etc/fstab slik at den no mounta /dev/hda7 som /usr
> /dev/hda7 /usr ext3 default 1 1

Og så var det berre å boote inn i Fedora igjen noko som fungerte.

Så det er kva eg har brukt kvelden til (i tillegg til å sjå fotball og skreve risikovurderinger...)

Lagt til av Sjur

Fiksing av publiserings systemet for sid

2. Mars 00:27

Da har nok ein kveld gått med til å få lite gjort, såg CSI i omlag ein time, noko som er vanlig for meg på tirsdager men ellers lite som har skjedd.

Etter at det var ferdig fant eg ut at eg skulle prøve å fikse nokre problemer eg har hatt med JavaScript som blir brukt i det vetle publiserings saken eg har utivkla for denne sida. Det skulle vise seg å ikkje vere så altfor lett da eg måtte sette meg inn i kordan tanke gangen bak HTML DOM var, slik at sida skulle følge W3C standarder. Og det å sette seg inn i kode som eg skreiv for nermere 2 år sidan gjorde det ikkje akkuratt enklere. Men no rundt klokka halv ett i natt trur eg endelig at eg er ferdig.

Da er det vel berre å komme seg i seng slik at eg kjem meg på skulen til skapelig tid og får lest litt RAVI (Rettslige aspekter ved informasjonsteknologi) som jo egentlig ikkje er så altfor kjekt å lese.

Lagt til av Sjur

Linker

27. Februar 18:51

Sitter no her å surfer litt og sidan eg for tida er heime så tenkte eg at eg skulle legge ut linker til dei interessante sidene eg fant. Så her kjem dei:

OSNews.com
Open Source Blog

Lagt til av Sjur

Ny Firefox

25. Februar 19:59

Da har mozilla komt med ei ny utgave av Mozilla Firefox. Dette blir versjon 1.0.1 som er ein liten oppdatering av versjon 1.0, og dei største forbedringane er sikkerhets oppdateringer som har blitt oppdaga i 1.0 versjonen.

Ellers så kom eg meg heim til Voss i går og har hatt ein kjempefin dag her i dag. Var ein tur på langrenn ski, noko som blir første gang i år.

Lagt til av Sjur

Heim igjen

24. Februar 00:44

Da var det på tide med ein liten tur heim igjen, den blir ikkje lenger enn 5 dager så ein ganske kort tur. Det skal bli fint å ta seg ein eller fleire turer på ski sidan folk seier det er kjempe bra føre heime. Eg håper i alle fall det er bedre enn på Hafjel i kveld der det var veldig isete.

Får vel komme meg i seng slik at eg er våken og kan underholde Vidar på turen over fjellet/ene.

Lagt til av Sjur

Fram

Valid XHTML 1.0 Strict Valid CSS!